Latterlege gode opplevingar i Voss kulturhus!

Treng du ein god latter?

Våren 2027 får me besøk av nokre av Noregs mest populære humoristar! Her blir det alt frå standup og skarpe skråblikk til historiske heltinner, kunstig intelligens og utfordringar på arbeidsplassen.

Gje bort ein god latter!

Ei humorframsyning er òg ei fin gåve til nokon du er glad i. Inviter med ein ven, kollega eller kjærasten på ein kveld fylt med latter og gode opplevingar.

Finn din favoritt – eller få med deg fleire!

Terje Sporsem og John Brungot – Høy og Mørk

To av Noregs mest populære komikarar slår seg saman på scena! Med standup, musikk, parodiar og treffsikker humor tek dei føre seg både små og store spørsmål i livet. Framsyninga har hausta strålande kritikkar og fått fleire terningkast seks.

Les meir og kjøp billett

Anne-Kat Hærland – Don't Panic 2.0

Kva skjer når kunstig intelligens blir ein stadig større del av kvardagen vår? Anne-Kat Hærland byr på eit oppdatert og sylskarpt humorshow om teknologi, samfunn og framtida. Her får du både noko å le av og noko å tenkje på!

Les meir og kjøp billett

Christine Hope – Hope, hurper & heltinner

Med utgangspunkt i Marta Breen si bok «60 damer du skulle ha møtt» tek Christine Hope oss med på ei underhaldande reise gjennom historia. Med raske sceneskifte, ulike karakterar og mykje humor møter me nokre av dei mest banebrytande kvinnene i historia.

Ei framsyning full av latter, lærdom og overraskingar!

Les meir og kjøp billett

Per Henrik Stenstrøm – Slik taklar du idiotane på jobben 2

Har du ein kollega som går deg på nervane? Eller ein sjef du aldri heilt forstår? Per Henrik Stenstrøm er tilbake med eit nytt føredrag om dei irriterande menneska me møter i arbeidslivet.

Med treffande historier og gjenkjennelege situasjonar byr han på ein kveld med både latter og nyttige aha-opplevingar.

Les meir og kjøp billett

Me gler oss til å ønskje deg velkomen til humor og latter i Voss kulturhus!

Publisert
19. november 2026
Skrevet av