HOPE, hurper og heltinner- Eit historisk humorshow!
Billetter
Om arrangementet
Basert på Marta Breen si bok «60 damer du skulle ha møtt» blæs Christine Hope liv i dei mest banebrytande kvinnene i Noreg. Med masse humor tek ho deg med på ei reise gjennom historia til fleire pionerar som kjempa og bana veg i ei tid som aktivt motarbeidde dei.
Dette er historier om mot og motstand.
Med raske sceneskifte, ulike dialektar og karakterar gjer Christine historia levande og overraskande aktuell. Her får du møte føregangskvinner på ein måte du aldri før har sett dei.
«Hope, hurper & heltinner» er den ultimate generasjonsframsyninga – eit morosamt, hjartevarmt og augeopnande show som fengjer absolutt alle, uansett kjønn og alder.
Christine byr på ein kveld med både litterær lærdom, latterkrampe og refleksjon. For du kan like gjerne lære noko medan du ler!
Dette seier meldarane:
«Drømmekombinasjon av læring og latter» – BT
«10 av 10 match» – BT
«Et historiografisk mesterverk» – Instakritiker
«En forestilling for alle kjønn» – Instakritiker
Medverkande og produksjon:
Christine Hope: Tekst, dramaturgi og skodespelar
Cecilie Mosli: Tekst, dramaturgi og regi
Anne Lise Tollefsen: Kostymedesign
Marte Synnevåg: Rekvisittar
Eili Bråstad: Videodesign
Ann Terese Aasen: Koreografi
Produsent: Ole Bull Scene og Christine Hope
Produsentbistand: Syv Mil AS
Med støtte frå: Bergen kommune og Fritt Ord
Varigheit: Om lag 75 minutt
