VOSS UTFERDSLAG og WILD VOSS inviterer til gratis skredkveld!
Billetter
Om arrangementet
Skredobservatørane Ragne Elise Berre og Øystein Ormåsen innleiar skisesongen med å dela nyttig kunnskap om snøskred og snøskredvarselet på Varsom.
Nytt høvet til å friska opp skredkunnskapen før sesongstart og få nyttige råd om korleis du kan vurdere skredfaren.
NVE er ansvarlege for snøskredvarselet på Varsom.
NVE sitt observatørkorps arrangerer kvar haust skredkveldar rundt omkring i landet, for å auka kunnskapen om Varsom og informera om kva alle kan bidra med for å hjelpa til med å førebyggja skredulukker.
Skredkvelden på Voss vert arrangert av Voss Utferdslag og Wild Voss, i samarbeid med Varsom, Fri Flyt, CARE (UIT), Voss Resort og Myrkdalen.
Alle som deltek vert med i trekkinga av flotte premiar under arrangementet.
Stad:Kultursalen i Voss kulturhus
Når:Tysdag 1. desember kl. 19.00 - 20.30
Dørene opnar kl 18.40
Tilskipinga er gratis. Velkomen!
