JOHANNE REFSETH // Naturen som lykkepille

Om arrangementet

Johanne Refseth/ Psykolog med sovepose

ARRANGØR: Voss Utferdslag

Johanne Refseth er psykologen som kurerte si eiga kjærleikssorg ved å bli ein utesovande friluftsentusiast med forkjærleik for kaffibål og mosegrodde skogar. Etter denne opplevinga byrja ho å leite etter fakta bak magien: Kvifor vart livets nedturar enklare når dei vart serverte med novemberskog og fiskestong? Kva seier forskinga, og korleis heng dette saman med kvardagsproblema våre?

I dette foredraget fortel Refseth om psykologien bak det å vere menneske. Om kvifor kjensler blir til magesmerter, hovudverk og konsentrasjonsproblem. Om korleis vi deretter byrjar å unngå det som går føre seg inni oss. Om korleis informasjonen frå psykologiforskinga byrja å gi meining sett med augo til ein naturentusiast. For naturen har ein lækjande effekt på oss som går djupare enn berre redusert angstnivå og positive kjensler: Det er her vi høyrer heime.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

Kiosken er open onsdag-torsdag kl. 16:30-20:00/ fredag kl.16:30-20:30/laurdag-sundag kl.14:00-20:00

Ledsagar/følgjekort er gratis. Me ber om at de tek kontakt med oss om det er eit behov. Bevis skal visast i døra.