Voss Frivilligsentral - Dataklubb

Om arrangementet

Voss Frivilligsentral - Lågterskeltilbod i data- og mobilbruk


Frivilligsentralen ynskjer å invitera til eit hyggjeleg treff der ein kan få hjelp, eller hjelpa med mobil- og databruk.
Treng du hjelp med telefon, nettbrett eller datamaskin?
Her kan du få hjelp – eller du kan hjelpe andre.
Ingen spørsmål er for dumme, og saman blir me betre til å bruke telefonen, nettbrettet eller datamaskina vår.

Annankvar onsdag – oppstart 9. september

Ingen påmelding – berre møt opp!
Ta med telefon, nettbrett eller datamaskin.
Kor: Voss frivilligsentral, Kulturhuset, underetasjen
Når: Annankvar onsdag frå 9. september (oddetalsveker)
Klokka: 11.30–13.00
Pris: Gratis