Vaksenopplæring

Voss Vaksenopplæring held til i Voss kulturhus. Det er femten tilsette ved skulen. Kontoret er ope annankvar måndag og kvar onsdag og torsdag.

Vi underviser etter "Opplæringsplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar",  Lov om Introduksjonsordning §17.


Mål for opplæringa
Kursa kan føre fram til norskprøve på nivå A1,A2,B1 og B2


Kven kan delta?

  • Flyktningar
  • Familieattforeinte
  • Asylsøkjarar
  • Arbeidsinnvandrarar
  • Andre (i periodar betalingskurs om kvelden)

Nivå:

  • Spor 1 for deltakarar med liten eller ingen skulegang.
  • Spor 2 for deltakarar med ein viss skulegang.
  • Spor 3 for deltakarar med god allmennutdanning.

Opplæring etter §4A-1 og §4A-2 på grunnskulen sitt område.

  • Opplæringa kan tilpassast den enkelte sitt behov og livssituasjon, og gjevast individuelt og i små grupper. Deltakarane bestemmer sjølv kor mange fag dei vil ta. 

Opplæring i norsk, grunnleggande norsk for språklege minoritetar, matematikk, samfunnsfag, engelsk og natur- og miljøfag. Vi underviser etter "Kunnskapsløftet".


Mål for opplæringa
Deltakarane kan få kunnskapar og ferdigheiter tilsvarande 10-årig grunnskule.

Desse kan delta:

  • Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring.
  • Vaksne som treng grunnlag for inntak i vidaregåande opplæring
  • Minoritetsspråklege mellom 16 og 20 år med liten skulebakgrunn.
  • Vaksne som treng opplæring etter §4A-2.

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinært opplæringstilbod for vaksne har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring i grunnleggjande dugleik har rett til slik opplæring.
PPT utarbeider sakkunnig uttale. 

Opplæringa kan omfatte:

  • Lese og skriveopplæring
  • Ask (alternativ og supplerande kommunikasjon)
  • Opplæring i tekniske hjelpemidler
  • Bruk av IKT/PC
  • ADL (Arbeids- og dagleglivstrening)

 

Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Voss Kulturhus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_