"TRILLE"// – eit leikande og poetisk univers for dei minste
Billetter
Om arrangementet
TRILLE – eit leikande og poetisk univers for dei minste (1-2 år)
OBS!! Begrensa plassar! Max 25 billettar + ledsager
Anbefalt aldersgruppe: 1-2 år
Varigheit: ca.25 min. + 20 min. leik
TRILLE tek barna med inn i ei magisk, rund verd fylt av store og små, hoppande og glitrande ballar. Her møter dei fuglar, froskar, ei skilpadde og andre morosame skapningar – alt i eit fargerikt og fantasieggande landskap.
Framsyninga inviterer til ei sanseleg oppleving gjennom musikk, lyd, rørsle og leik. Alt er laga med tanke på dei minste barna sine behov for tryggleik, undring og nærleik.
Etter kvart opnar scenografien seg, og barna får kome inn i rommet saman med dei to dansarane – til eit skimrande hav av over 1000 perleballar, der leik og utforsking står i sentrum.
Ide og konsept: Yvonne Wiche Levinsen
Kunstnerisk rådgivning: Claire Heggen, Théâtre du mouvement
Dansere: Ingrid Hundsal, Beret Roksvåg Stølen eller Yvonne Wiche Levinsen
Tekniker: Daniel Bjørvik
Musikk: Jonas Bjerketvedt
Stemmelærer: Marie Kaada Hovden
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Scenografi: Katrine Nilsen
Foto med born: Morten Marius Apenes
Foto: Martin Eldøy