"RULLE" //- ei rund reise inn i fantasien.

Om arrangementet

RULLE – ei rund reise inn i fantasien

OBS! Begrensa plass.

Anbefalt aldersgruppe: 3- 6 år
Varigheit: ca.40 min.

Velkomen til ei sanselig og ordlaus framsyning for dei aller minste! RULLE fortel historia om eit menneske som snublar inn i ein ukjend og fullstendig rund verd. Alt ho ser, er sirklar og kurver – mjuke former som rullar, snurrar og lokkar. Men kven er dei store, vakre skapningane som rører på seg i det stille? Er dei levande? Og vil dei kanskje leike?

RULLE er ei poetisk og fantasieggande oppleving for barn frå 3 år og oppover. Her får publikum utforske rørsle, undring og leik – utan eitt einaste ord, men med eit rikt språk av kropp, rytme og stemning. Ei visuell verd der det runde står i sentrum, og der alt kan skje.

Ide og konsept: Yvonne Wiche Levinsen
Kunstnerisk veileder: Claire Heggen, Théâtre du Mouvement
Skuespiller/danser: Yvonne Wiche Levinsen, Beret Roksvåg Stølen eller Ingrid Hundsal
Tekniker: Daniel Bjørvik
Musikk: Jonas Bjerketvedt
Tilpasning for målgruppe (3-6 år): Anne Mali Sæthe
Lysdesign: Yasin Gyltepe
Scenografi/kostyme: Katrine Nilsen,
Foto: Roy Andre Nilsen