Vestlandet, Erlend Nødtvedt og Erlend Apneseth

Erlend Nødtvedt og Erlend Apneseth kjem til biblioteket med opplesing og felespel.

To kameratar køyrer Vestlandet rundt i ein gul Toyota. I bagasjerommet ligg hovudskallen til bondeopprørar Anders Lysne, som dei vil føre til Lærdal, der han høyrer heime.

Dette er utgangspunktet for romanen 'Vestlandet'; ein «hysterisk heisatur gjennom språk og landskap» (Marta Nordheim, NRK), som har begeistra bokmeldarar og lesarar landet rundt denne hausten. 

 

Romanen teiknar eit burlesk og regnvått portrett av menneske og landskap i denne opplesingskonserten ved forfattar Erlend O. Nødtvedt og hardingfelespelar Erlend Apneseth.

 

«Vestlandet» er Nødtvedt sin første roman, den har hausta menge godord på liks med dei tre diktsamlingane han har gjeve ut tidlegare.

Apneseth har dei siste åra etablert seg som den kanskje aller mest nyskapande hardingfelespelemannen i landet, og har mellom anna komponert tingingsverk for Førdefestivalen.

Han har også vunne Folkelarm-prisen og vore nominert til Spellemann i open klasse. 

 

_
_
_