1

Olav Stedje

”Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”E-18”, "Ein nordmann sin draum".
Songane treff deg framleis midt i hjartet når du høyre dei. Og når du nynnar med ser du smilet og
barten til Olav Stedje - verdas mest sjarmerande sogning.

 Etter 37 år med konsertar over heile Norge, 13 album og fleire Spellemannsprisar, legg Olav Stedje
og hans band ut på Vestlandsturne.

 Olav Stedje har hatt ein utroleg stayerevne. Og songgleda, kvaliteten og ærlegdomen er ikkje blitt mindre med åra.
Han er audmjuk over eigen suksess og lar seg framleis glede over allsong og tårer når
konsertpublikum blir rive med.

Med ”Ta meg med” og alle dei andre flotte songane han er kjend for, kjem Olav Stedje 
nok ein gong til å glede både gamle og nye fans.

Han har med seg desse musikarane:

Svein Dag Hauge, Gitarar/ Musikalsk leiar

Per Hillestad, Trommer

Kai Taule, Bass

Steinar Borvik, Saksofon og gitarar

Frode Mangen, Tangentar

Eilif Stene, Lyddesign

 

_
_
_