Vossajazz utstilling

Tor-Arne Moen er målar, grafikar og forfattar med atelier på Notodden. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Bergen og hadde sitt gjennombrot med ein serie måleri til Hamsuns samlede verker tidleg på 90-talet. Sidan har han målt seg gjennom eit stort spekter og vore innom dei fleste klassiske, figurative disiplinar. I to periodar og frå 2017 har han jobba med nostalgisk tilnærming til materialet med utgangspunkt i gamle svart/kvit-fotografi som motivkrets.

Moen jobbar med figurativ teknikk med tjukke lag av måling i grove strøk med varierande penselbreidde. Han arbeider som regel i seriar, men er stadig på søken etter ny vinkling i sine arbeid. Tor-Arne Moen er òg svært interessert i musikk generelt og jazz spesielt. Han har mellom anna eit band som øver i atelieret hans ein dag i veka, og repertoaret deira er jazzperler! Moen sjølv trakterer med andre ord både pensel og saksofon.

Rådmann i Granvin herad og påtroppande Kultursjef i Voss herad, Trude Letnes, opnar utstillinga.

Opningstider:
Fredag 17.00 – 19.00
Laurdag: 11.00 – 16.00
Sundag 12.00 – 16.00

Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag.


Billettar til Vossajazz utstilling

  1. Fre 12. apr kl 17:00 Galleri Ope
Vis hele programmet
_
_
_