Hjarterom - Miljeteig og Mjør i samtale

Ustrigla og motstraums

Til full jubel blei 60-a°ringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV pa° landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget fra° lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre ma°nader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho la°g pa° isolat da° Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til a° delta i valkampen. Dei neste a°ra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre a°r a° stable seg pa° beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

I haust fyller Oddny Miljeteig 65 a°r, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar – ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Nyleg kom BT-journalist Kjersti Mjør sin biografi "Hjartebank", om henne ut.

I samtalen i Voss kulturhus vil Miljeteig og Kjersti Mjør samtala om livet hennar, om sjukdomen og om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn.


Billettar til Hjarterom - Miljeteig og Mjør i samtale

  1. Tys 3. des kl 19:00 Konferanserom Ope
Vis hele programmet
_
_
_