Distriktsmusikarane møter Øystein Wiik

Voss kommune sine distriktsmusikarar møter Øystein Wiik. Gjest er Ingrid Langen Fjose

Øystein Wiik (fødd 7. juli 1956 i Ås) er songar, skodespelar og kriminalforfattar. Han er utdanna ved Statens teaterhøgskole.
Han var tilsett ved Det Norske Teatret frå 1980. I 1988 gjorde han stor suksess som Jean Valjean i oppsetjinga av Victor Hugos Les Misérables, og dette førte til at han fekk spele same rolle på scener i Wien og London i 1989-1990.
To gonger har han delteke i norsk Melodi Grand Prix, ein gong saman med Jahn Teigen (under namnet «To tenorer»). I 1991 utgav han soloalbumet Too Many Mornings. Songs By Sondheim, og i 1993 kom albumet Stage.

Dei seinare åra har han skrive tekstar til musikalar, i samarbeid med komponisten Gisle Kverndokk og dramaturgen Inger Schjoldager. Dei har blant anna skrive ein musikal basert på Sofies verden av Jostein Gaarder, og dessutan Frendelaus, ei familieførestilling basert på den mest kjende romanen til Hector Malot.
Parhestane Wiik/Kverndokk har òg skrive operaen Jorden rundt på 80 dager. Operaen skulle vore den første førestillinga i det nye operabygget i Bjørvika, men vart av tekniske grunnar utsett. Han vart uroppført 21. mai 2010. Same året debuterte Wiik som kriminalforfattar med romanen Dødelig applaus som han vart nominert til Rivertonprisen for. Han har sidan skrive åtte kriminalromanar til.

Framsyninga Distriktsmusikarane møter Øystein Wiik er ein kombinasjon av musikk og litteratur. Me vil få oppleva Øystein Wiik både som songar, forfattar og opplesar. Som songar er han akkompagnert av distriktsmusikarane på Voss, og han vil syngja frå dei ulike musikalane som han har laga saman med Gisle Kverndokk. Både den aller siste musikalen "Rosens navn" (som faktisk endå ikkje har hatt premiere) og suksessen "Sofies Verden" vil vera representerte.
Som forfattar vil han lesa utdrag frå dei to kriminalromanane sine "Hvit panter" og "Casanovasyndromet". Også her vil han verta "akkompagnert" av Distriktsmusikarane, som spelar musikk som utdraga refererer til. Musikkuttrykka vil variera frå lett klassisk til folkemusikk og jazz.
Wiik vil dessutan fortelja litt om både skrivinga si og bøkene sine, og om musikalane som han har skrive teksten til.
Ingrid Langen Fjose er gjest på denne konserten. Ho vil syngja både ein solo frå musikalen "Frendelaus" og i duett med Øystein Wiik.


Billettar til Distriktsmusikarane møter Øystein Wiik

  1. Fre 1. mar kl 19:00 200 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_