Teater Vestland - teaterframsyning

Har du høyrt om eventyret om den vesle jenta som vandrar berrføtt rundt i snøen ei nyttårsaftan og sel fyrstikker? I så fall gløymer du henne aldri.

H.C. Andersens eventyr «Piken med svovelstikkene» er eit av dei vakraste og såraste eventyra vi har, ein udødeleg klassikar for barn. Eventyret er frå ei anna tid, men det er like opprørande i dag: Kvifor er det ingen vaksne som hjelper jenta? Kvifor går dei berre forbi, korleis kan dei tole det? 


Små barn har stor sans for rettferd, og dei forstår godt at eventyret handlar om nestekjærleik. Det er julas bodskap, det, og få juleforteljingar stikk djupare i oss enn denne. I vår versjon inviterer vi barn inn i ei nær, sanseleg og fantasirik teaterverd.



KUNSTNARLEG LAG


Av H.C. Andersen
Regissør Miriam Prestøy Lie
Dramaturg Cecilie Grydeland Lundsholt
Visuelt uttrykk Synnøve Ringdal
Lysdesignar Krystian Myska
Omsetjar Terje Lyngstad


MEDVERKANDE
Kyrre Eikås Ottersen
Idun Losnegård


Billettar til Teater Vestland - teaterframsyning

  1. Søn 21. nov kl 16:00 /100 kr   Gamlekinoen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_