Songstund for vaksne

Songstund for vaksne med Grete Skarpeid

 Biblioteket har hatt stor suksess med songstunder for
born. No vil me prøva oss på songstund for vaksne torsdag 5.mars. Her kan alle
koma og syngja med den stemma dei har. Det blir fyrst og fremst rundsongar /
kanons. Nokre kjende og nokre meir ukjende songar. Korleiar og songar Grete
Skarpeid vil instruere og inspirere.
 

Lege og musikar Audun Myskja har i årevis
jobba med song og musikk i behandling, og meiner at song er like viktig for
helsa som trening og riktig kosthald.
 

Det er mange som likar å syngja, men det
har vorte mindre vanleg å bruka song, og færre uformelle og uforpliktande
arenaer. Song er ein del av lyrikken vår og songlyrikken er viktig å formidla
for biblioteket.
 

   


Billettar til Songstund for vaksne

  1. Tor 5. mar kl 19:00 Biblioteket Ope
Vis hele programmet
_
_
_