Meg og Dolly

Meg og Dolly Hanne Sørvaag elsker Dolly Parton - «Dolly Parton og Hanne Sørvaag er rett og slett ein god match» skreiv pressa etter premiera. Gjer deg klar for haustens store kritikrroste showkonsert som hyller "the one and only" Dolly Parton. Med over 3000 låtar i bagasjen og 40 år sidan superhiten "9 to 5" vart gitt ut er det klart for å feira ein av notidas største artistar i framsyninga "Meg og Dolly". På scena står den folkekjære artisten Hanne Sørvaag som skal ta deg med på ei musikalsk reise i Dolly sit univers saman med eit stjernelag av musikarar. Hanne har elska Dolly sidan ho var ei lita jente, og ho har vore ein stor inspirasjon for Hanne si karriere. Dette vil du merke gjennom historier, opplevingar og låtar i forestillinga "Meg og Dolly". Dolly Parton har vore aktiv som artist i 70 år og har gitt oss ei rekkje store hits. Kven hugsar vel ikkje låtane "Jolene", "Here you come again", "Islands in the stream"; og "I will always love you" som også Whitney Houston hadde stor suksess med. Desse og mange fleire vil du få oppleva hausten 2021 når denne hitparden av ei framsyning tek turen til oss for å gje deg ein festkveld du seint vil gløyma. Tilbakemeldingar: Gåsehudfaktor 10 – Romerikes Blad Publikum jublet – Arendalstidende Hun er dyktig både som sanger og formidler – Harstad Tidende Og ein smakebit kan du få her: https://www.youtube.com/watch?v=d8Hjg1SbFIUlille Pris: 585 kr inkl avgift (Salsstart måndag 16.11.2020) Showstart 19.00 Forestillinga varer i 80 minuttar uten pause Etter forestillinga er det mogleg å sikre seg ei signert plate.


Billettar til Meg og Dolly

  1. Tor 14. okt kl 19:00 585 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_