Konsert med Greg Niemczuk

Polsk Chopin-meister i Voss kulturhus Greg Niemczuk er ein av dei fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking. No har pianisten heile verda som sitt felt. Han har hatt konsertar i dei fleste europeiske land – og Amerika, Asia, Afrika og Australia.

Konserten i Voss
kulturhus har fått tittelen ”Chopin i ord og toner”. Greg Niemczuk vil under konserten spela dei mest virtuose,
dei vakraste og dei mest kjende valsane, masurkaane, nokturnane, etydane og polonesaneav Frédéric Chopin.

Som Chopin-meister er det alltid ei heilt spesiell glede for han
å formidle landsmannens musikk i utlandet.

I 2010 vann Greg1. prisi den prestisjetunge nasjonale Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no
betrakta som ein av verdas fremste Chopin-tolkarar. I januar 2013 vann han
Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste
instrumentalistar, og hausten 2016 vann han publikums-prisen under Busan Maru
International Music Festival i Sør-Korea.  

Greg Niemczuk har alt eit stort internasjonalt namn. Han har spelt medfleire av verdas fremste symfoniorkester.

Greg Niemczuk er ikkje berre ein eminent pianist, han er også ein unik pedagog og kåsør
og held årlege meisterklassar ved Universitetet i Kristiansand og ved NorgesMusikkhøgskole.

Som alltid når han har konsertar ,vil han også denne gangen fortelja om den musikken han skal framføra.

……………………………………… 


Billettar til Konsert med Greg Niemczuk

  1. Tor 16. apr kl 19:00 250 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_