Hommage til Rudolf Zwartjes

Distriktsmusikarane på Voss ynskjer med denne konserten å heidra komponisten, pedagogen og musikaren Rudolf Zwartjes i Gamle Festsalen på Voss Gymnas, der han hadde store delar av sitt virke.


I tillegg til at dei sjølvsagt vil framføra eit breitt spekter av musikk skriven av Zwartjes sjølv, vil dei også spela musikk av J.S. Bach.


Gjest er Carmen Boveda som vil spela frå Rudolf sin cellosonate, medan strykeorkestera ”Fossekallen” og ”Veslefrikk” vil demonstrera Zwartjes si unike evne til å skriva musikk for yngre utøvarar på strykeinstrument. Det vil dessutan dukka opp ein overraskingsgjest som ein ikkje vil røpa namnet på her.


Konserten vil verta avvikla i samsvar med gjeldande smittevernstiltak mot Corona.


Billettar til Hommage til Rudolf Zwartjes

  1. Tor 29. okt kl 18:30 200/50 kr   Festsalen - Voss Gym Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_