Hjartebank: Miljeteig og Mjør

Miljeteig og Mjør i samtale

Ustrigla og motstraums

Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

Nyleg kom BT-journalist Kjersti Mjør sin biografi «Hjartebank», om henne ut. I samtalen på Granvin bibliotek vil Miljeteig og Kjersti Mjør samtala om livet hennar, om sjukdomen og om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn.

Arrangementet er gratis og ope for alle.


Billettar til Hjartebank: Miljeteig og Mjør

  1. Tor 27. feb kl 19:00 Kulturbanken Granvin Ope
Vis hele programmet
_
_
_