HERADSFEST

1. januar 2020 slår Granvin herad, Oksenhalvøya i Ullensvang herad og Voss kommune seg saman til Voss herad. For å markera denne store hendinga inviterer me til heradsfest helga 28.2 – 1.3.2020

Heradsfesten
begynner fredag 28.2.2020 med kulturell festkveld med «noko attåt» i Trudvang i
Granvin. Mange store og små musikarar deltek i eit tett og godt program der
folkemusikk er den raude tråden, men med andre fargar vove inn.   

Laurdagen
blir Voss kulturhus fullt av aktivitetar for store og små; songstund,
kulturskulekonsertar, kino, kåseri med ein kritisk ettertanke med Victor
Normann med meir. Det blir sett opp to framsyningar av Det store heradssjovet
av Linda Eide i Gamlekinoen, etterfylgt av offisiell markering av Voss herad i
kulturhuset kl. 20.00.  

Kvelden
blir avslutta med sosialt samvær, konsert og dans i kulturhuset.  

 

Sundagen
blir det konsert i Vangskyrkja der Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven.  

I tillegg til arrangementa denne helga, vil lag og foreiningar frå begge kommunane bidra
med eit breitt program gjennom heile året.  

 


Billettar til HERADSFEST

  1. Fre 28. feb kl 19:00 50 kr   Trudvang Kjøp
  2. Lau 29. feb kl 11:00 Bibliotek Ope
  3. Lau 29. feb kl 15:00 Kultursal Ope
  4. Lau 29. feb kl 16:00 50 kr   Gamlekinoen Få billettar
  5. Lau 29. feb kl 18:00 50 kr   Gamlekinoen Utseld
  6. Lau 29. feb kl 20:00 Bibliotek Ope
Vis hele programmet
_
_
_