Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven

Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven er ein del av Heradsfesten 2020

Forestillinga ”Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven” er ei framsyning i ord og musikk. Ruth les eigne dikt som Distriktsmusikarane tolkar og stemningsset med utdrag frå ulike komposisjonar. Det meste er anten norsk folkemusikkinspirert eller europeisk ekspresjonistisk musikk . Ord og musikk avløyser og fargelegg kvarandre.
Distriktsmusikarane på Voss består av Øystein Haga (fløyte), Helga Hjetland (fiolin) og Kato Flem (piano)
Kjernen i programmet vert den prisbelønna diktsamlinga ”Sigd”, som for tida går som teaterstykke på Det Norske Teatret i Oslo. Men det vert også dikt frå samlinga ”Manilahallen” og dikt til Knut Hamre, som er med som æresgjest.
Framsyninga er ein del av Heradsfesten 2020.


Billettar til Distriktsmusikarane møter Ruth Lillegraven

  1. Søn 1. mar kl 18:00 50 kr   Vangskyrkja Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_