Distriktsmusikarane møter distriktsmusikarane i Suldal

Dette vert ein konsert via til breitt anlagt kammermusikk der trioar av Brahms og Martinu vil stå i fokus. Distriktsmusikargruppa frå Suldal består av fiolin, cello og piano:

Xenia Berkova (fiolin) kjem frå Slovakia. Ho har studert fiolin ved Konservatoriet og Høgskolen i Bratislava og ved Høgskolen i Stavanger. Xenia har spela i Bratislava Chamber Soloists, Slovak Filharmoni Orchestra, Stavanger Symfoniorkester, barokk ensemblet Musica Eterna, Harald Hårfagre kammerorkester og MUNOR-ensemblet. Ho har og spela på meisterklassar for bl.a. Alexander Arenkov, Evgenia Chugajeva, Frantisek Novothny, Zakhar Bron, Christian Altenburger og Evgeni Grach.

Veerle Haug Tieghem (piano) kjem frå Belgia. Ho studerte piano med Johan Duijck ved Royal Conservatory of Ghent, og akkordeon med Philippe Thuriot. Som medlem av Chiarina Trio har ho reist rundt i heile Europa og spelt konsertar. I 2012 flytta ho til Suldal for å gå i fjellet og vera distriktsmusikar, og har gjort det siden. Ho har elevar på piano og trekkspel og spelar konsertar som ein del av distriktsmusikartrioen.

Benedicte Årsland (cello) er født og oppvaksen i Stavanger. Ho har studert cello på Norges musikkhøgskole i Oslo, ved Sibelius Akademiet i Helsinki og på Folkwang University of Arts i Essen, Tyskland. I tillegg til jobben som distriktsmusikar i Ryfylke, speler Benedicte i det prislønna strykeorkesteret Ensemble Allegria. Saman med Ensemble Allegria har Benedicte gitt ut fleire plater, tre av desse er blitt nominert til Spellemannsprisen. I tillegg til Ensemble Allegria har Benedicte spelt med orkester som Det Norske Kammerorkester, KORK, Stavanger Symfoniorkester og Kristiansand Symfoniorkester. Benedicte er også ein aktiv lærar, og har tidlegare vore ein del av lærarteamet ved Barratt-Dues talentutviklingsprogram for barn og unge.


Billettar til Distriktsmusikarane møter distriktsmusikarane i Suldal

  1. Fre 5. jun kl 18:30 150/50 kr   Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Voss Kulturhus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_