Distriktsmusikarane

Eit forrykande møte mellom Distriktsmusikarane på Voss og Linda Eide. Gjester: Margit Mørkve Botterill og ein overraskingsgjest.

Denne gongen er det Linda Eide sin tur til å møta Distriktsmusikarane. Slike møte inneber mellom anna at ein begir seg inn på kvarandre sine område. Alle veit at Linda Eide spelar blokkfløyte på eit habilt nivå, men klarar Distriktsmusikarane å fylgja opp Linda sin språklege og teatralske kreativitet? Dei vil i alle fall freista, og kven veit, kanskje dei til og med klarer å matcha Linda sitt rivestunt? I alle fall må dei sleppa seg litt meir lause enn dei gjer på sine vanlege konsertar. Det vil med andre ord verta ein god del musikalske krumspring, med definisjonar av ord og uttrykk som eit naturleg tillegg.


Dette møtet vil innehalda ei rekkje ulike musikksjangrar, frå klassisk via Melodi Grand Prix-låtar til nasjonalsongar frå land som ikkje eksisterer lenger. Carmen frå Spania vil fortelja om korleis ho har lært seg norsk ved å fylgja med på kvart einaste språksjov, og Margit Mørkve Botterill vil syngja ekstranummeret sitt frå songdebuten i Universitetets Aula i Oslo i 1989. Mellom musikkanmeldarane som sat i salen den gongen var journaliststudenten Linda, som den gongen var kulturjournalist på si for lokalavisa "Horda Tidend".


 


 


 


 


 


Billettar til Distriktsmusikarane

  1. Tor 11. nov kl 18:30 Kultursal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_