"Desemberstemninger" med Ole Edvard Antonsen

Velkommen til "Desemberstemninger" med Ole Edvard sitt eminente trompetspel og dei fantastiske gjestevokalistane hans Knut Marius Djupvik og Stine Hole Ulla.





Høgdepunkta vil som vanleg stå i kø når Ole Edvard Antonsen entrar ei scene. 


Ole Edvard og gjestane hans balanserer i fleire sjangrar med sin breide musikalske bakgrunn, og dette resulterer alltid i brilliant musikalsk samarbeid og ei rekkje spennande arrangement. Konserten byr på eit allsidig repertoar med alt frå kjente og kjære julesangar til nye og spennande låtar og arrangement, som til saman er med å skapa den gode stemninga i førjulstida. 


Ole Edvard Antonsen sin førjulsturné ”Desemberstemninger” blir av mange omtalt som den ultimate julekonserten, og har blitt ein hyggeleg tradisjon rundt om i Noregs land.


Medverkande på årets «Desemberstemninger» :
Ole Edvard Antonsen, ein av verdas fremste trompetsolistar og ein av Noregs absolutt største internasjonale stjerner.
Knut Marius Djupvik, den overlegne vinnaren av fjorårets "Stjernekamp" og ein av Noregs største stemmer.
Stine Hole-Ulla, med sin fantastiske klokkeklare stemme trollbandt ho alle då ho var den første kvinnelege vinnaren av "Norske Talenter".


Trond Akerø-Kleven, keyboards
Tom Erik Antonsen, bass
Per Hillestad, trommer/perkusjon
Eilif Stene, lydansvarleg






Billettar til "Desemberstemninger" med Ole Edvard Antonsen

  1. Fre 17. des kl 18:00 Gamlekinoen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_