OFFBEAT- dans, motstand, overgiving og leik!

Om arrangementet

Ei pulserande oppleving – Offbeat

Dansarane glir inn og ut av rytmen. Dei lar seg rive med, berre for å bryte fri igjen – og publikum vert dregne inn i ei levande, uforutsigbar rørsleforteljing. På scena speler perkusjonisten live, og scenografien responderer – ho speler med, svarar og utfordrar. Pulsen er rå og umogleg å ignorere. Kroppen svarar automatisk: eit nikk, ein fot som trampar, eit smil som bryt fram.

Kva meiner vi eigentleg når vi ber nokon om å kjenne musikken?
Offbeat stiller spørsmålet – og svarar gjennom dans, motstand, overgiving og leik. Utøvarane dansar i eit rom der klossetheit og presisjon går hand i hand, der dårleg timing blir til drivkraft. Det er nett i denne spenninga noko nytt vert fødd: ein groove som stig fram frå grensa mellom ubehag og nytelse, mellom kontroll og kaos.

Publikum er ikkje berre tilskodarar – dei vert dratt med inn i eit dansande landskap, der lyd og rørsle smeltar saman. Den levande musikken og den lydskapande scenografien løfter framsyninga til eit sansereiskap – der pulsen i rommet er felles og suggererande.

Ian Yves Ancheta er dansar og samtidskoreograf basert i Oslo. Reisa hans byrja på New School Hip Hop – eit møte som tende ei livslang interesse for musikalitet og fragmenterte rørsler.

Med nerdete nysgjerrigheit og urokkelig leikelyst skaper Ian verk som overraskar og utfordrar. Han nyttar rekvisittar og scenografi som aktive partnarar i koreografien, og opnar rom for rørsleopplevingar som held publikum på kanten av setet – nyfikne, forventningsfulle. Samspelet mellom scene og sal, det uventa, det som skjer akkurat her og no, står sentralt i arbeidet hans. Livekunstens risiko og tolmod er både drivkraft og metode.

Sidan han fullførte bachelorgraden i dans ved ArtEZ University of the Arts i 2019, med koreografi som bifag, har Ian sine verk vore vist på ei rekkje europeiske scener: Dansens Hus Oslo, Bærum Kulturhus, Korzo i Den Haag, Bellevue Theater Amsterdam, GCD Kluize Oosterzele og TR Rotterdam. Han har òg skapt bestillingsverk for kompani som Panta Rei Danseteater (NO), Conny Janssen Danst (NL), Dance Well (IT) og NoXsense (SE). Som dansar og samarbeidspartnar har han arbeidd med profilerte koreografar som Eivind Seljeseth, Ingri Fiksdal, Ingrid Berger Myhre, Jo Strømgren, Carl Aquilizan, Belinda Braza, Bianca Hisse og Jules Fischer.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
ESC UNGDOMSKOMPANI FOR SAMTIDSDANS blir driven av Bergen Dansesenter og er eit tilbod til unge mellom 14–19 år i Vestland fylke med talent og interesse for samtidsdans. ESC ønskjer å gjere seg gjeldande som ein interessant nasjonal og internasjonal aktør gjennom å tilby ei viktig infrastruktur for nyskapande danseproduksjonar. ESC har som mål å gi unge talent eit springbrett til framtidig karriere som samtidsdansarar og å skape arbeidsmoglegheiter for frilanskoreografar.