MUSIKALSK TAPAS- Ein smakfull start på det nye året!
Billetter
Om arrangementet
Start 2027 med ein musikalsk fest!
Kva passar vel betre enn å starte det nye året med musikk, humor, varme og ei skikkeleg feststund?
Tapas Music inviterer til eit musikalsk festmåltid – og ein sprudlande start på 2027!
Tapas Music består av to av Noregs mest allsidige musikarar. I denne konsertframsyninga tek dei publikum med på ei spennande musikalsk reise i ord og tonar – frå fjerne himmelstrøk til heimlege trakter, frå det storslåtte og energiske til det stille og vare, og frå klassisk virtuositet til tekstnære norske viser.
På menyen står kunstnarleg musikalitet på høgt nivå, vokal eleganse, teknisk virtuositet, humor og varme. Resultatet er ei morosam, imponerande og rørande framsyning – med noko for ein kvar smak.
Songar og musikar Jan-Tore Saltnes er best kjend frå sine 22 år som medlem av den humoristiske musikktrioen Nordic Tenors. Med trioen har han vunne Komiprisen, vore kongeleg toastmaster for H.M. Kongen og vore med på opninga av Operaen i Bjørvika.
Diana Moisejenkaite er ein prisvinnande fiolinist som har turnert både i inn- og utland. Ho har spelt med mellom andre KORK og Den Norske Opera, og med populære artistar som Chris Holsten, Dagny og Morten Abel.
Så kvifor ikkje starte 2027 med noko å gle seg over? Len deg tilbake, nyt eit variert musikalsk festmåltid og la Tapas Music sørgje for ein varm, humoristisk og stemningsfull start på det nye året.
