"Slik takler du idiotene på jobben 2" med Per Henrik Stenstrøm

Om arrangementet

Suksessføredraget er tilbake – i heilt ny drakt!

«Slik taklar du IDIOTANE PÅ JOBBEN 2» er oppfølgjaren til føredraget som har fylt kulturhus over heile landet dei siste åra.
Utseld gong på gong – for alle har minst éin idiot på jobben.

Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande føredrag om arbeidslivet.
IDIOTANE 2 er stappfullt av nye historier og skråblikk som gjer det lettare å forstå dei kollegaene du rett og slett ikkje skjønar deg på.

IDIOTANE PÅ JOBBEN 2 tek for seg alt som øydelegg motivasjonen på arbeidsplassen – anten det handlar om irriterande kollegaer, håplause sjefar eller krevjande kundar. Stenstrøm besøkjer årleg nærmare 150 arbeidsplassar, og denne kvelden får du vite hemmelegheitene som skapar eit betre arbeidsmiljø. Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobb!

Per Henrik Stenstrøm er ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i landet, og har skrive bøkene «Irriterande kollegaer» og «Når sjefen er ein idiot».

Bli med på suksessen – her vert det både latter og aha-opplevingar!