Morgonbad kvar måndag

Om arrangementet

Morgonbad på måndagar

Bli med på morgonbad kvar mandag!

Me startar måndagane med eit friskt bad i Vangsen, før me et frukost og drikk kaffi i lag på Frivilligsentralen. 
Me oppmodar alle til å bli med og ta utfordringa! Det er ein flott måte å starte veka på – med frisk luft, godt selskap og ein god dose energi.

 Bading kl. 07.45. Vil du heller berre kome for å drikke kaffi og ete frukost, er du hjarteleg velkomen til det òg. 

 Me spanderer kaffi – du tek med det du sjølv ynskjer å ete.