"Frode Alnæs- Lang Desember Natt" Gjest: Aasmund Nordstoga
Billetter
Om arrangementet
Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga er begge kjend for si unike formidlingsevne, både musikalsk og verbalt. Og sjølvsagt vil dei også by på både muntra og gode historier, der gamle juletradisjonar møter vår tid. Her er det berre å senka skuldrene og la seg fylla av den gode julestemninga!
Velkommen til ein lun og stemningsfull førjulskveld fylt med vakker musikk, høgtid, glimt i auga og god julestemning.
I desember er Frode Alnæs tilbake med den populære juleturneen sin «Lang desember natt», og han har invitert med seg visesongar Aasmund Nordstoga som musikalsk gjest og makkar.
Når gitaristen og artisten frå Nordmørskysten møter folkemusikaren og gardbrukaren frå Vinje i Telemark blir musikalsk julemagi skapt.
Det er to sjarmerande og folkekjære artistar med god kjemi og stor respekt for kvarandre som no legg ut på turné saman.
Konsertane byr på mange musikalske høgdepunkt både frå Frode og Aasmunds eigne juleplater, i tillegg til gamle og nye songskattar som høyrer jula til.
Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga er begge kjend for si unike formidlingsevne, både musikalsk og verbalt. Og sjølvsagt vil dei også by på både muntra og gode historier, der gamle juletradisjonar møter vår tid. Her er det berre å senka skuldrene og la seg fylla av den gode julestemninga!
Eit kremlag av musikarar følgjer med på ferda: Jørun Bøgeberg (bass), Eivind Kløverød (trommer/perkusjon) og Freddy Holm (multiinstrumentalist).