KULTURTREFF: Sæle Jol med Irene Tillung og Kari Finne Sognnæs

Om arrangementet

Me ønskjer alle velkomen til årets siste konsert i serien Kulturtreff som er eit samarbeid med den kulturelle spaserstokken, biblioteket og Voss frivilligsentral.

Konserten denne dagen er ein jolekonsert med musikarane Irene Tillung og Kari Finne Sognnæs. Det vert ein stemningsfull konsert med kjende jolesongar samt lokal folkemusikk som både musikarane har bakgrunn frå.

 Etter konserten inviterer me alle på gratis kaffi og noko attåt.