KULTURTREFF/Adventskonsert med Distriktsmusikarane

Om arrangementet

Dette vert ein adventskonsert i både folkemusikk- og klassisk språkdrakt. Folkemusikken vil koma frå Noreg, Sverige og dei britiske øyane, og den klassiske musikken vil mellom anna innehalda musikkstykke av Mozart og Bach. Distriktsmusikarane på Voss  satsar på å laga ei god og varm førjulsstemning i biblioteket denne dagen.

Musikarar
Helga Hjetland, fiolin
Øystein Haga, fløyte
Kato Flem, piano
Ingrid Standal Sørheim, toradar. 

Etter konsert byr me på gratis kaffi og noko attåt