KULTURKONFERANSE: Kreativ verdivurdering- Bygd for kultur

Om arrangementet

Kreativ verdivurdering – bygd for kultur

Voss herad, Norsk musikkråd, Norske kulturarrangører, norsk jazzforum, CREO, TANKESMIA KRAFT, Kultur Vest og Vossa Jazz inviterer til kulturkonferanse i Voss kulturhus

 Kreativ verdivurdering
– bygd for kultur

Kva er musikkens verdi?

Kva effektar har musikklivet i ein kommune når det gjeld attraktivitet, oppbygging og utvikling av både staden og dei som bur der? Kan ein laga ein modell for å måla samanhengar og effektar? Er det rett og slett ei god investering for det offentlege å bruka ressursar på kulturlivet?

 

  • Lansering av rapport ved Rolf Røtnes frå Samfunnsøkonomisk analyse om effektar musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel
  • Musikkutvalet, som jobbar med å greie ut heile musikkfeltet i ein NOU, lettar på lokket: Status for arbeidet og perspektiv på kva for verdiar det mangfaldige musikklivet skapar for menneske og samfunn ved utvalsleiar Sigrid Røyseng
  • Samtale med Miss Tati
  • Politiske tre kvarter mellom andre Åslaug Sem-Jacobsen (SP), Åse Kristin Bakk (Ap) Kåre Martin Kleppe (H), Jacob Nødseth (V)
  • Smakebit frå årets Tingingsverk til Vossa Jazz signert Hanna Paulsberg
  • Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten

 Linda Eide vil leia oss gjennom dagen.

 Les meir Kulturkonferansen 2024 – Vossadagane

 Billett inkluderear enkel lunsj og kaffi.
Kjøpte billettar blir ikkje refundert