BLI MED! Folkefest i kulturhuset.

Om arrangementet

Voss herad er nominert til Årets kulturkommune – og det må me sjølvsagt feira! 

Fredag 5. desember inviterer me til fest i biblioteket i  Voss kulturhus. Her vert det god mat, sal av forfriskingar og levande innslag frå det rike kulturlivet vårt. Dette er ei feiring av både nominasjonen og alle dei som gjer Voss til ein stad med skaparglede og sterke kulturtradisjonar.

Det vert sofadebatt og utdeling av årets kulturpris!

Det vert innslag frå:
"Amulet" - Bygdaklang  - Voss skulemusikk og Voss musikklag - Heidrafest - d'kor - Marerutt - Distriktsmusikarane Fossegrimen - Bulken evige ungdomskorps- Twang gang - Voss Spelemannslag - Voss lindy Hop
Bulken seniordans

Arrangementet er gratis, men du må sikra deg billett.