JUL I KULTURHUSET- eit musikalsk julekort til bygda

Om arrangementet

Når jula nærmar seg, inviterer me til ei heilt spesiell julefeiring på Voss kulturhus!

Små og store utøvarar som til vanleg fyller kulturhuset med musikk, dans og aktivitet, samlast på scena for å skape ei stemningsfull juleframsyning.

Gjennom vakre vintertonar, kjende julekalendermelodiar, tradisjonsrik julemusikk og svingande juleklassikarar tek me publikum med på ei musikalsk reise mot jul.

Her møtest generasjonar, musikalske uttrykk og lokale talent i ei varm feiring av musikkgleda og fellesskapet.

Me håpar dette blir starten på ein ny og kjær juletradisjon på Voss!

Velkomen til ei julehelsing frå oss i kulturhuset – til alle dykk i bygda!

Konserten er støtta av Voss Energi og Voss Sparebank