Grønn november: Siri Helle om Grasboka
Billetter
Om arrangementet
Korleis har graslanda forma naturen som vi kjenner han?
I "Grasboka" fortel Siri Helle om korleis graset, mennesket og beitedyr gjennom tusenåra har forma mykje av naturen som vi kjenner han, og korleis graslanda gjev oss menneske ein stad å høyre til i naturen. Frå kystlyngheia i vest til stølslandskapet i topp og til tradisjonsrikt landbruk i Romania og dei italienske alpane finst det døme på korleis å drive landbruk kan gjere både natur og klima rikare og sterkare. Kan vi saman - i graset - finne ei framtid rota i fortida?
Siri Helle er agronom, skribent og aller helst geitebudeie.
