EVENTYR PÅ BOKS- for dei minste borna.
Billetter
Om arrangementet
Kva skjer når boksen blir opna?
Midt på scena står ein mystisk boks.
Kva gøymer seg inni han?
Når loket blir opna, byrjar eventyret!
Ut av boksen dukkar det opp kostyme, rekvisittar, karakterar og overraskingar, og litt etter litt veks ei heil eventyrverd fram på scena.
Med to skodespelarar, masse fantasi og publikum tett på blir «Eventyr på boks» ei leiken, morosam og magisk teateroppleving, laga spesielt for dei yngste.
Perfekt som eit av dei aller første møta med den magiske teaterverda – og akkurat passe langt for små publikummarar.
Kva gøymer seg i boksen?
Det får du først vite når loket blir opna.
Varigheit: ca. 30 minutt
Tilrådd alder: 3–8 år
Ei framsyning av Fyllingsdalen Teater
