EXTRA LIVES// KONSERT møter GAMING- du bestemmer retninga!

Om arrangementet

Kva skjer når konsert møter gaming – og publikum bestemmer retninga?

Extra Lives – du styrer historia

Extra Lives er ei interaktiv live-framsyning der de i salen stemmer fram vala som styrer handlinga. Undervegs må publikum ta avgjerder som påverkar historia. Kva veg går helten? Kven kan ein stole på? Korleis endar det?

Du sit ikkje berre og ser på – du er med og påverkar.

På scena møter du:

Eit energisk liveband
Lys, lyd og visuelle effektar inspirerte av spel
50–70 minutt med tempo, stemning og felles engasjement

Dette er ei sosial oppleving som passar frå  16år  og oppover! 

Er de klare til å ta vala?