DKSS: KULTURTREFF// Bankvelv slåtteimproviserer
Billetter
Om arrangementet
Bankvelv er ein duo der tradisjon møter nyskaping i eit leikent og medrivande musikalsk univers. Med Heidi Kvelvane på saksofon og akkordion, og Symre Taugbøl Bang på gitar og hardingfele, tek dei publikum med inn i vestnorsk slåttemusikk på ein heilt særeigen måte.
Duoen har dykka djupt ned i meistertradisjonane og lært slåttane slik dei opphavleg vart spela på hardingfele og trekkspel. Deretter har dei løyst musikken opp att – overført, arrangert og forma han på nytt for saksofon og gitar. Resultatet er energiske og improvisatoriske tolkingar, der den originale danseslåtten alltid ligg som eit pulserande fundament.
På konsertane får publikum oppleve både dei tradisjonelle versjonane og duoen sine eigne nytolkingar. Slik opnar Bankvelv døra inn til sjølve overføringsarbeidet – der tradisjon vert til noko nytt, levande og uventa.
Etter konsert byr me på ein kaffi og noko attåt.
Konserten er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Voss frivilligsentral og biblioteket.
