DISTRIKTSMUSIKARANE MØTER INGVILD BRYN
Billetter
Om arrangementet
Repertoiret spenner vidt, frå klassisk til viser, pop og folkemusikk
Ingvild Bryn gjekk i pianolære hjå Else Kleynenberg i Voss musikkskule i 12 år. Parallelt med det klassiske, lærte ho seg på eiga hand å spela songar ho høyrde på radioen og andre stader etter gehør. «Musikk av Ingvild Bryn» var vanleg å sjå i annonser for lag og foreingar i bygda.
Frå ho var 14 år, var ho hyppig hyggepianist ved middagen i bryllaup. Ho var også pianist under fire russerevyar og var elev på musikklinja ved Voss gymnas.
Det var journalistikken som vart Ingvild sin leveveg, men ho har alltid hatt musikken som ein kjær hobby. Ho bidreg musikalsk i mange ulike høve og har også drive eit barnekor i Oslo.
Ingvild kjøpte sitt eige Grotrian Steinweg-piano då ho var 17 år, og pianoet betyr så mykje for henne at ho hadde det med seg over Atlanterhavet då ho var korrespondent i USA.
Når distriktsmusikarane møter henne til konsert i Osasalen er det i all hovudsak pianoet ho vil traktera, men me vil også få høyra at Ingvild likar å syngja. Det vil verta tilbakeblikk på både hennar musikalske oppvekst og seinare musikalske opplevingar. Ingvild si niese Mari Bryn (song) er gjest på konserten. Det kjem også overraskingsgjester.
