NÅR ANSVAR MØTER MOTSTAND- pårørandekonferansen

Om arrangementet

Voss herad markerer den nasjonale pårørandedagen 2026

Voss herad inviterer deg til direktesending av årets Pårørandekonferanse onsdag 23. september i Voss kulturhus.
Konferansen er digital

Årets tema er:
«Når ansvar møter motstand – pårørande og fagfolk i eit pressa velferdssystem»
Konferansen set søkjelyset på pårøranderolla og korleis pårørande, fagfolk og samfunn kan møte utfordringar saman.
Me ynskjer pårørande, frivillige, tilsette i alle sektorar og andre med interesse for temaet velkomne.

Arrangementet er gratis men du må ta ut billett.
Det kan du gjera på nettsiden eller du kan hente ut i kinokiosken sine opningstider

Program
Kl. 09.00–10.00 Kaffi og høve til å sjå dei nye lokala til Frivilligsentralen i Voss kulturhus.
Representantar frå Hukommelsesteamet, støttekontakttenesta og Pårørandeforeininga ved Voss sjukeheim er til stade.
Her vil det vere ein møteplass for pårørande der ein kan utveksle erfaringar med andre i same situasjon, få nyttig informasjon og få høve til å stille spørsmål.

Kl. 09.45 Velkomen ved Tor Helmer Halvorsen i kultursalen

Kl. 10.00–14.30 Direktesending av den digitale Pårørandekonferansen i Kultursalen.

Sjå eige program for konferansen her: Pårørandekonferansen 2026 – Pårørandesenteret