BJØRN EIDSVÅG MED BAND INNTEK VOSS

Om arrangementet

I haust skal Bjørn gjera det han likar aller best, nemleg leggja ut på vegen og besøka landets kriker og krokar. Med seg til Voss har han sitt dyktige band og ein rikhaldig katalog med kjente og kjære låtar.

 Dei siste åra har Bjørn Eidsvåg spelte teaterframsyninga "Etterlyst: Jesus" på scener over heile landet, fylt sjølvaste Operaen tre gonger, stått på ei rekkje festivalscener, gitt ut bok, lagt ut på ein nærast utseld Noregsturné saman med Sigvart Dagsland, og gitt ut sitt 28 album.

I haust vitjar han Voss og Gamlekinoen for å spela konsert. "Eg og bandet ser stort fram til å innta Gamlekinoen. Etter eit stille 2020 skal det bli fint å møte publikum igjen. Gamlelåtar skal pussast opp, nyare låtar skal presenterast og kjente songar skal spelast som dei er. Blir moro!", fortel Eidsvåg.

Med 28 album og ei ekstraordinær formidlingsevne har Bjørn Eidsvåg opparbeida seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Han er ein songar og ein historieforteljar som publikum vender tilbake til år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg er ei oppleving som eignar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.