Askeladden er tilbake- klar for julerampestrekar!
Billetter
Om arrangementet
Askeladden er tilbake – klar for nye julerampestrekar! Askeladden er tilbake på Voss kulturhus med ei varm, morosam og stemningsfull juleframsyning for heile familien!
Jula nærmar seg med stormskritt, og Askeladden har meir enn nok å henge fingrane i!
Golvet skal vaskast, veden skal berast inn, og juletreet må på plass før julenissen kjem. Men med ein rampete fjøsnisse og ein slu Mikkel Rev luskande rundt, går slett ikkje alt etter planen!
Medan Askeladden prøver å få julestellet unna, har Mikkel Rev fått auge på den freistande julematen. Og som om ikkje det var nok, gløymer Askeladden noko svært viktig – julegrauten til fjøsnissen!
Heldigvis skal det ikkje så mykje til for å blidgjere ein fornærma fjøsnisse. Litt graut og nokre tonar av «På låven sitter nissen» kan gjere underverk!
Men rekk Askeladden å få alt klart til jul? Og kjem julenissen på besøk til slutt?
Gled dykk til eit herleg gjensyn med Askeladden! Det blir latter, song, musikk, rampestrekar og ekte julestemning for både små og store.
Har du sett framsyninga før? Då er du hjarteleg velkomen tilbake! Og har du ikkje opplevd Askeladdens jul enno, har du noko å glede deg til!
