Distriktsmusikarane møter vinen saman med sommelier Robert Johansen

Når Distriktsmusikarane møter vinen er det ein god sjanse for at dei frammøtte vil få høyra englane syngja.

Her vert det ei utviding av sansane i forhold til ein vanleg konsert, der det stort sett er kun det auditive som tel. På denne konserten vert det auditive kombinert med sansane lukt og smak, og kva passar betre som fylgje til til dømes Bach sin Matteuspasjon enn ein stoffrik og blodraud raudvin?
 
Å setja saman musikk og vin vert litt som å setja saman mat og vin, ein kan tenkja fellesnemnarar som friskleik, tyngde, farge og sødme, men også setja saman bobler og Allegro, tanninar og kontrapunkt, syre og Menuett, sødme og ”sviske”. Dessutan skal me ikkje sjå bort ifrå at nokre komponistar hadde sin eigen favorittvin. I så fall vil også dette verta avspegla i serveringane.
 
Gjest og vinkelnar: Robert Johansen, sjefssommelier og restaurantansvarleg ved Park Hotel.
 
Distriktsmusikarane ynskjer velkomen til ein ikkje-materialistisk og berekraftig konsert.
 
Gamlekinoen, 22.Mai 1830, Billett på førehand via Voss kulturhus
Publisert
08. mai 2025
Skrevet av