Bli med på Voss Barnefilmestival!

Vi arrangerer den 13. Voss Barnefilmfestival for filmglade born og familiar fra 3. - 7. oktober! 🎬
Festivalen går av stabelen i haustferien, med opning og festleg opningsfilm Laurdag 3. oktober.

🎉 Årets opningsfilm er «Sauen Shaun - Gårdens forbannelse»
Litt om filmen: Bebuarane på Mossy Botton Farm gler seg til Halloween - heilt til den klønete bonden øydelegger graskarhagen som flokken er så glad i! Shaun prøver som ordne opp, men rundt gården streifer eit villdyr rundt i skogen…

Sundag 3. oktober har vi eksklusiv førpremiere på “Mysteriepakken”, ein sann historie som handlar om ein familie fått ein mystisk pakke i posten i heile 22 år, og vil no finne ut kven som sender!

Gjennom festivalveka byr vi på:
🎨 Filmverkstad for born med den kreative og populære Yorick fra Front Film, mandag 5. + tysdag 6. oktober.
🏆 Konkurransar
🎈 Masse moro og overraskingar – både på og utanfor lerretet!
Følg med for fullt program som blir publisert i næraste framtid! 🙂
Velkomen til ei festivalveke full av film, fantasi og felleskap – berre på Voss Kino!
Publisert
29. september 2026
Skrevet av