Fredag 22.august kl.17:30 inviterer me alle i arrangørmiljøet på Voss til ein samling for å dele idear, styrke samarbeidet og kikke på moglegheitene i Atriet som ny scene, no når Gamlekinoen snart blir utilgjengeleg.
Program for kvelden:
Kl. 17.30–19.30: Arrangørmøte i Atriet
– Uformell mingling og noko lett å bite i
– Musikalsk opning
– Presentasjon av Atriet som konsertstad
– Kort presentasjon om Grønt veikart for kulturhuset
– Presentasjonsrunde: kvar arrangør får 2–3 minutt til å dele planar og prosjekt
– Workshop: Kva treng vi for å gjere Atriet til ein fullverdig scene? Del tankar, behov og ønskjer
Kl. 20.00 og utover: Pop-up Mikrofon med Voss Open
Vi opnar dørene for publikum og inviterer til ein open mikrofon-kveld med musikk, låge skuldre og bar i regi av Voss Open.
Gratis inngang for alle som deltek på arrangørmøtet.
For andre: kr 50 i døra.
Spørsmål:
Send ei melding til stig.blindheim-hansen@voss.herad.no
Velkomen – vi gler oss til å sjå deg!