13.september kan du oppleva Lindesnes trekkspillklubb- ei musikalsk oppleving utanom det vanlege

Den snart 35 år gamle Lindesnes Trekkspillklubb har begeistra og imponert i inn og utland med sine show og konsertar. Klubben spelar i alt frå grendehus og kyrkjer til operahus og store konsertsalar. Klubbens daglege leiar er Atti Eikaas, med slekt frå Jølster. Han loser publikum gjennom showa på ein ualminneleg humoristisk måte – berre det er ei stor oppleving i seg sjølv.

Til operaen
Då Den Norske Opera flytta inn i det nye operahuset i Bjørvika i 2008, bestilte trekkspelklubben plass til konsert i nybygget. Bestillinga vart ikkje teken heilt alvorleg, så det gjekk heile 12 år før musikalsk leiar Arne Vigeland og resten av klubben fekk spele i operaen, noko det også vart TV-programmet « Med trekkspill til Operaen» av. 

Seinare vart det også konsert i Gøteborgsoperaen og klubben har hatt mange konsertar i Grieghallen, Stavanger Konserthus og fleire andre konserthus i inn og utland, også Tysværtunet og kulturhuset på Stord. USA og Canada har hatt mange besøk av trekkspelklubben, i tillegg til veldig mange land i Europa og alt i alt har det blitt godt over 3000 show på denne gjengen som dreg fulle hus over alt.  

Glade amatørar
Lindesnes trekkspillklubb er samansett av amatørmusikarar med ei speleglede som slår det meste. Dei har ein dyktig musikalsk leiar i Arne Vigeland, ein av Noregs desidert beste steelgitaristar. Vigeland spelar både steelgitar og rytmegitar i orkesteret, i tillegg til å synge og kore. Ein annan dyktig musikar er den bosniske flyktningen Cazim Gerzic som har spelt med trekkspelklubben i mange år.  
 

TV program i 2022
Som ein oppfølgjar til « Med trekkspill til Operaen», som blei vist 14 gonger på NRK TV har filmskapar Frode Vestad laga oppfølgjaren « Ein a åkke. 

«Ein a åkke» er vist på NRK over 10 gonger, seinast i påska i år, og har fått  svært god mottaking." 

Publisert
28. mai 2024
Skrevet av