THE MAGIC OF ALEXX ALEXXANDER 2.0

Om arrangementet

Velkomen til ei magisk showoppleving med smak av Las Vegas!

Endeleg er Alexx Alexxander tilbake med heilt nytt show!

Etter stor suksess med framsyningar verda over, er han no – etter stor etterspurnad – endeleg tilbake i Noreg for å gjere nokre eksklusive opptredenar på utvalde stader i 2026 og 2027. Den førre Noregsturneen hans spelte for fulle salar og vart sett av 150 000 nordmenn.

Ta med deg venegjengen, kollegaene eller familien på ein minneverdig kveld og ei showoppleving de seint vil gløyme!

Gå ikkje glipp av denne unike moglegheita til å oppleve den berømte illusjonisten på nært hald i dette spektakulære showet utan norsk samanlikning. Dette blir siste sjanse til å sjå han i Noreg før han igjen dreg ut i verda...

Alexx Alexxander er den einaste magikaren i historia som har fått den prestisjetunge utmerkinga «Illusionist of the Decade» i 24 karat gull i underhaldningshovudstaden Las Vegas. Han spelar for fulle hus over heile verda, har opptredd for kongelege og har jamleg show i Los Angeles for dei største stjernene i Hollywood. Alexx Alexxander har vorte ei internasjonal stjerne, og du er herved invitert til å oppleve han på nært hald i ei storslått showoppleving.

Sjå smakebitar her: https://youtu.be/GoKrQrakWKk

«Det aller beste av magi du ser i heile verda!»
– VG, Noreg

«Mannen, myten, magikern. Det är väl värt att applådera!»
– Göteborgs Tidning, Sverige

«One of the world’s finest illusionists!»
– PressPass, Los Angeles

Les meir på: WWW.ALEXX.NO

Praktisk info:
Framsyninga varer i om lag 90 minutt, utan pause.
Tillaten for alle, men tilrådd frå 5 år.
Presentert av The Show Company & United Stage