ALEXANDRAS JUL- ein julekonsert for heile familien.

Om arrangementet

AlexandrasJul-ein julekonsert for heile familien

Alexandra Rotan har stor kjærleik for jula,og har delteke på julekonsertar som KORK's julespesial og i TV-PROGRAM som julaftan på TV2, Håp i ein Gryte og var i 2023 programleiar for Jul hos Prøysen.Versjonane hennar av O Helga Natt og Når Himmelen Faller Ned har vorte store publikumsfavorittar,og etter stormande jubel som gjest på Kurt Nilsens juleturné (2023 ) og ein del av Stille Natt (2022) er Alexandra klar for å gi publikum julestemning på sin eigen måte.

Alexandras Jul er ein konsert som rommar alt frå folkekjære, tradisjonelle norske julesongar ,julehittar frå ulike TV-PROGRAM og verdskjende juleklassikarar. Alexandra stiller med eit band beståande av Markus Maaren Bastøe, Håvard K. Hansen, Auver Gaaren og Kim André Tønnesen, i tillegg til musikalske gjester som blir offentleggjorde på eit seinare tidspunkt.

Alexandra Rotan er ein av Noregs mest kjende og folkekjære songarar. Som frontfigur i KEiiNO har 27-åringen frå Eidsvoll vunne og komme på andre plass i MGP 2 gonger, vunne folkestemmene i Eurovision, vore på toppen av hitlistene, er strøymd over 160 millionar gonger og vorte nominert til Spellemann. Alexandras allsidigheit  imponerte dommarar og TV-sjåarar i Stjernekamp hausten 2021, der ho kom heilt til finalen og song seg djupt inn i hjarta til folk i heile Noreg.

Meir info :www.alexandrasjul.no