Vaksenopplæring

Vaksenopplæring og Logopedi Voss kommune er samansett av tre tidlegare kommunale einingar. Undervisningssenteret for Framandspråklege starta opp i 1987. Voss kommunale vaksenopplæring vart etablert i 1989. I 2000 vart desse to slegne saman. I 2008 vart dei kommunale logopedane lagt inn under same administrasjon.

Norskopplæring for innvandrarar
Opplæring på alle nivå, på dagtid. Vi underviser etter "Opplæringsplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar",  Lov om Introduksjonsordning §17.

Mål for opplæringa
Kursa førar fram til Norskprøve 2 og 3.

Kven kan delta?

  • Flyktningar
  • Familieattforeinte
  • Asylsøkjarar
  • Arbeidsinnvandrarar
  • Andre (i periodar betalingskurs om kvelden)

Nivå:

  • Spor 1 for deltakarar med liten eller ingen skulegang.
  • Spor 2 for deltakarar med ein viss skulegang.
  • Spor 3 or deltakarar med god allmennutdanning.
  • For deltakarar på spor l og spor 2, kan norskopplæringa gje grunnlag for å følgje undervisning på grunnskulenivå. Grunnskule for vaksne

Opplæring i norsk, norsk som andrespråk, matematikk, samfunnsfag, engelsk og natur- og miljøfag. Vi underviser etter "Kunnskapsløftet"

Mål for opplæringa
Deltakarane skal få kunnskapar og ferdigheiter tilsvarande 10-årig grunnskule

  • Kven kan delta?
  • Vaksne som treng grunnskuleopplæring, har rett til det.
  • Grunnskule for vaksne gjev grunnlag for inntak i vidaregåande opplæring.
  • Deltakarne bestemmer sjølv kor mange fag dei vil ta.
  • Avdelinga gjev og opplæringstilbod til minoritetsspråklege mellom 16 og 20 år med liten skulebakgrunn.
  • Spesialpedagogikk

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinært opplæringstilbod for vaksne, har rett til spesialundervisning. Vaksne som har særlege behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.
PPT utarbeider sakkunnig uttale.
Opplæring på dagtid, individuelt og i små grupper.

Opplæringa omfattar:

  • Lese og skriveopplæring
  • Ask (alternativ og supplerande kommunikasjon)
  • Opplæring i tekniske hjelpemidler
  • Bruk av IKT/ PC
  • ADL  (Arbeids- og dagleglivstrening)
  • Logopedi

Logopedtenesta gir tilbod til innbyggjarane i kommunane: Aurland, Ulvik og Voss, også pasientar på Voss sjukehus innafor områda:

  • språk / språkvanskar
  • stemmevanskar
  • stamming
  • afasi
  • Føresette, skular, barnehagar og vaksne kan søkja om logopedhjelp. PPT utarbeider sakkunnig vurdering.
_
_
_