Voggesongar undervegs

Dirigent Grete Skarpeid og D´kor på Voss ynskjer å legge tilrette
for integrering og samarbeid med innvandrarkvinner lokalt , samt la dei bli synlege og gi dei ei stemme i Norge . I korverket Voggesongar undervegs møter me kvinner frå ti ulike kulturar som bur på Voss og i Ulvik. Kvinnene deler kvar sin personlege voggesong til koret og Grete, som arrangerer og syng songane på konsertar i Voss og Ulvik I januar 2018.

Alle kvinnene syng og deler sine voggesongar med koret. Det er rørande, og sjølv om ikkje me forstår orda , klara dei å formidla ein historie og ei oppleving. Ein song som kanskje tar dei tilbake, samstundes som dei rører kvinnene i koret som etterpåskal framføra songane. Og voggesongane vil og heilt sikkert røra publikum.

Billettar til Voggesongar undervegs

  1. Lau 27. jan kl 14:00 200 kr   Bibliotek Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_